Mindfuck Tempestarii slår til igjen.

02/03/2009

Invi tek eit oppgjer med omlag alt

Filed under: Geekery, Rabling og babling, Uncategorized — Tags: , , , — Invi @ 19:46

Eg har havna i ei svær floke når det kjem til språk akkurat no. Greitt nok er eg oppvaksen som tospråkleg, nynorsk ikkje medregna. Dei to sidane av meg har vert i balanse fram til no. Sjølv om eg har prøvd å velje ein favoritt, har eg ikkje klart det. Takket vera ein mystisk blanding av sinte britar med store ord, lattermilde menneske fra canada og avslappa amerikanarar, saman med eit sammensurium av ikkje-innfødte engelsktalende, kan eg lett hoppe fra språkform til språkform på engelsk. Norsk, på ei anna side, er ikkje like lett. Eg har nemleg vakse opp med å snakke ein blanding av riksmål og ein særs liberal form av Oslo aust.

Nei, eigentleg er det vel ein umogleg kombinasjon. Derfor har eg alltid brukt orda om kvarande. «Mave» og «mage» har ikkje samme meininga for meg, eg brukar ikkje «fler» og «flere» i same situasjon og katten og katta er ikkje det same dyret. I løpet av skuletida har eg, som alle andre, sett massevis av norskbøker si ‘Skriv denne oppgåva på di eiga dialekt’. Kvar gong har eg stirra på den som om den hadde fornerma meg. Ikkje før langt senere gikk det opp for meg at eg faktisk skriv på dialekta mi heile tida.

No vandra eg så langt vekk ifrå poenget at eg fann både sykkel og bær. Poenget er altså at eg ikkje klarar å skriva noko språk akkurat no, så eg havna på nynorsk. (Berre så det er sagt er eg imot obligatorisk opplering i nynorsk med karakter. Å få nesten kvar einaste tenåring i landet til å hata målformen er ein dårleg idé. På ein anna side bør det ikkje vera et valfag, sjølv ikkje eg hadde valt det, sjølv om det er eit språk.)

Alt eg seier nå for tida kjem ut som ein slags blanding av alle språk eg kan. Ikkje berre er det dumt for egenskapane mine som skribent, det må vera skikkeleg slitsomt for alle andre å høyra på. Derfor har eg bytta til nynorsk for no, så får me sjå kva det blir til.

Eg trur det må vera oppimot nokon titalls skrivefel i den posten her, men eg bryr meg ikkje. Det gjer heit sikkert ikkje du heller.

1 kommentar »

  1. TRO OM IGJEN *ond latter*

    Kommentar av laughablelights — 02/03/2009 @ 22:23


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

%d bloggers like this: